[ Site: Halden VR Centre ] [ Contents: About | Products | Projects | Examples | HRP only | Careers ]

Prosjekt RADIATION BYPASS

Målsetting

Målet for dette prosjektet er å finne fram til korleis informasjon om stråling skal presenterast for operatørar som arbeider i kontaminerte område. Gjennom god trening og visualisering av strålinga skal operatørane få betre tryggleik og mindre stråledose for ei rekkje vedlikehaldsoperasjonar. Resultata frå prosjektet går direkte til alle 20 medlemslanda i Haldenprosjektet, og ut til dei over hundre organisasjonane som Haldenprosjektet omfattar.

OECD Halden Reactor Project Medlemmer

Oppdatert informasjon til operatøren

Den raske utviklinga for små og trådlause datamaskinar dei siste åra har opna ei rekkje nye område for forsking. Det at ein operatør i eit prosessanlegg kan bere datamaskina på kroppen, gjer at viktig informasjon kan overførast til operatøren raskare, meir detaljert og meir tilpassa dei ulike arbeidsoppgåvene som operatøren skal utføre. Ein kan også tenkje seg at informasjonen til ei kvar tid er tilpassa det området som operatøren arbeider i.

Kroppsbåret utstyr

Problemet med ny teknologi og mennesket

Utviklinga av mennesket slik vi står fram i dag har teke lang tid. Utvikling av nye datamaskinar og nye måtar å bruke datamaskinar på, kan gjerast mykje raskare. Vi kan difor ikkje tilpasse mennesket til datamaskinen, men vi må i staden passe på at datamaskinen støttar dei sansane mennesket har utvikla gjennom mange tusen år. Det betyr at nye måtar å bruke datamaskinen på må gjerast slik at mennesket, eller i vårt konkrete tilfelle operatøren, får maksimal nytte av dei nye hjelpemidla. Ved MTO- sektoren (Menneske Teknologi Organisasjon) ved IFE Haldenprosjektet er slik tilpassing eit av hovudområda for forskingsaktiviteten.

Å utvide det verkelege

AR (Augmented Reality) eller det å legge kunstig informasjon opp på den verkelege verda, er eit område med stort potensiale for nyvinningar framover. Avdeling for Visualiseringsteknologi har sidan 1996 gjort eit omfattande arbeid innan VR (Virtual Reality), men har i dei to siste åra også sett meir fokus på AR.

Strålingskart

Teknikk og prototypar

Sjølv om det finst ei rekkje ferdigpakkar for små kroppsborne datamaskinar, så er ingen av desse kraftige nok til å brukast i eit system som skal visualisere stråling. Det har difor vore nødvendig å bygge eit system basert på ei kraftig datamaskin med god prosessering av grafikk. Datamaskinen er montert i ein ryggsekk, og for å gje operatøren nødvendig informasjon er det bruka ei databrille, stereo øyrepluggar og vibrasjonar sydd inn i eit belte. Målet for prosjektet har ikkje vore å utvikle ny maskinvare, men for å kunne teste ut kva som er den beste måten å presentere informasjon på, måtte det lagast ein prototyp på eit system som var godt nok for ein slik test.

Operatør med utstyr

Praktisk testing

For at resultata frå eit forskingsprosjekt skal være til å stole på, er det viktig at det vert innhenta data basert på testpersonar og testsituasjonar som er representative for det området ein undersøkjer. I dette prosjektet ser ein for seg ulike grupper personell som aktuelle brukarar av utstyret og testpersonane er plukka ut for å representere desse gruppene. For å finne ut korleis erfarne operatørar ved eit kjernekraftverk skal bruke slikt utstyr for å få mindre stråling, testar ein altså erfarne operatørar frå Haldenreaktoren. Ved hjelp av prototypen får testpersonane presentert ulike kombinasjonar av lyd, vibrasjonar og bilde som representere strålinga. Dette er gjort på ein slik måte at når ein testperson går rundt med utstyret på seg, så får han til ei kvar tid informasjon om strålinga oppdatert med sin eigen posisjon.

Datainnsamling

Før under og etter den praktiske testen er det ulike målingar av kor godt forsøkspersonen klarer å tilegne seg informasjonen ved hjelp av utstyret, mål på arbeidsbelastning og meir utfyllande spørsmål om kva som var bra og dårleg med utstyret og kva som manglar i framstillinga av strålingsbildet.

Resultat

Ein forventar når prosjektet er ferdig at ein har danna seg eit bilde av korleis slikt utstyr skal byggast og brukast for presentasjon av stråling. Med ein tidshorisont på mellom 3 og 10 år vil teknologien mest sannsynleg ha kome så langt at det er mogleg å produsere utstyr som operatørane kan kle på seg og bruke under dagleg arbeid.

Spørsmål om dette prosjektet kan rettast til Asgeir Drøivoldsmo.

Presseomtale


Got a question about these web pages? Send e-mail to VR-INFO@hrp.no.
©2002 Institute for Energy Technology